Norsk natur – farvel?
NTNUs Kunnskapskalender, 10. september
Skrevet av Finn Arne Jørgensen, 09.09.2008.
Berit Haga Vikanes, leiar for WWF Midt-Noreg, inviterer til seminar med Sigmund Hågvar, ein av forfattarane bak boka Norsk natur- Farvel? Boka fekk strålende mottaking under lanseringa våren 2008, og er blant anna blitt kalla årets viktigaste bok på sitt felt av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Forfattarane Bredo Berntsen og Sigmund Hågvar har gjennom flyfoto, bilete, kart og statistikk beskreve korleis norsk natur forsvinn, bit for bit. Me er blitt svært gode på å overvake natur og skrive i store ord om kva som må til for å ta vare på den. Men som forfattarane sjølve seier om boka:
“Fremtidens generasjoner vil nok mye heller foretrekke urørt natur enn en nøyaktig beskrivelse av hvordan den forsvant.”
Dette møtet håpar me at skal vera opplysande i korleis denne negative trenden kan snu, og korleis ein kan snu store ord om til faktiske handlingar.
Foredraget vert holdt på Suhmhuset den 10 september klokka 19. Gratis inngang, det vert servering av kaker og kaffi/ te etter foredraget.
Gå til WWF sine heimesider for meir informasjon.
Comments Off